
Da va ein noko brokate ansamling utfor Handelslaget hine dagen. Eit slags omreisande pakk av domedagsprofetar, noko religiøse greier. «Enden er nær» og «Jordas undergang kjem no» sto det på plakater dei haldt. Eg og naboen sto og såg på dette underlege opptoget. Det var då naboen min oppdaga karen so hadde gjøymt seg mitt i mølja av domedagsfølget. «Så mange får så liten tid» sto da på te- skjorta so avslørte han. Vi seier rett nok smale her på landet, ikkje får so dei seier so fint i byen. Faenskapet va nok klar til å lura seg inn i næraste smalefjøs og høvla øve heile bølinga. Men då va han komen til feil bygd ! Vi treiv han ut or flokken og la han i bakken ! So fekk vi stoppa ein ungdom so hadde trådlaus telefoni på baklomma og ringd etter lensmannen. Vi tek vare på kvarandre her på bygda, kviskra eg inn i øre på skjitfyren so låg der og kavde.
.

B-403 40 x 40 cm dypt lerret. Sjå far, sjå ! Kr. 1200.-