Panting

Det e`komen nytt tilbod til pangsjånistane i grenda !   Raude Krossen tek oss med på handletur til kolonialen ein gong i månaden.   Eg hev ikkje vore i kolonialen på årevis, maten vert levert på døra, eg veit ikkje kor ho kjem frå, men det legg eg meg ikkje borti.

Men no skulle eg endeleg få handle sjølve.   Med nykjemma hår  og striesekken full tå pantehermetikk stod eg grytidleg på trammen, dette vart spanande !   Raude Kross bussen var full tå spende pangsjånistar.   Bruk ikkje heile dagen no, formana Raude Krossen sjåføren oss.  Vi vil jo heimat og sa han.

Vel ankomen i handleriet spurde eg kor panteformidlinga var, eg ville jo kvitta meg med sekken og samstundes få nokre pantekroner.   

Eg vart henvist til eit hol i veggen.    Putt ein og ein boks i automaten stod det.  Eg ville ikkje misse bussen heimatt og forstod att her måtte innputtinga gå jamleg raskt.  Eg putta boksar i holet med begge hendar.  So begynde det å blinka i ei raudt lys på veggen ; «En om gangen», stod det.   Eg snudde meg til høgre, eg snudde meg til venstre, eg såg bakom meg.   Ikkje eit menneske.   «Ein om gongen, ditt jævlapantehøl, her finnst jo ikkje eit menneske, eg e`jo heilt åleine her» ropte eg til maskineriet.   Det fortsatte å blinka, eg byrja å svetta, jau eg vart nærast besvimning tykte eg.   Då, som i eit bodskap sendt frå vår Herre, fekk e auge på en knapp på maskineriet.  «Raude Kross» stod det på knappen, eg trykte ein gong.   Ingenting hende, febrilsk trykte eg gong på gong på knappen.   Raude Krossfolka dukka ikkje opp.   Svimlinga tok meg, eg rava sidelengst bortetter og fald om i grønsaksdiska. 

I bananavdelinga.   Eg hald meg fast i ein klase bananar.    Det er ikkje lov å knipa på frukta om ein ikkje ynskjer å kjøpa ho, det er ikkje sømeleg.   Eg halveis låg oppi bananavdelinga, medan eg stirde opp på ein grønkledd ung gut med trikkeskinner i kjeften. 

Men bananene e`jo sømeleg påkledd, kviskra eg medan eg lurde på når neste tog ville kjøyra forbi i kjeften hans.     

So var eg fylgt bort til oppgjersskranken ved utgongsdøyra.   Med to bananar i handa.   Den grønkledde guten kom løpande, du gløymde pantelappen din !, Da vart gevinst på Raude Krossen. Eg skal ikkje pantsette noko ! ropte eg høgt, eg vil berre heimatt.

BG-110 Draumetjern 37 x 46 cm Flatt lerret. Kr. 1450.-
B-50 Til fjells 37 x 46 cm Flatt lerret. Kr. 1600.- SOLGT
galleriellingsen sin avatar

Av galleriellingsen

Som innehaver av denne bildebloggen ønsker jeg å vise frem noen av mine bilder. På oppfordring. Stort sett har jeg alltid malt for min egen del, det er en fantastisk rekreasjon. Og det er selvsagt gøy, ellers hadde jeg nok gjerne strikket istedenfor. Men strikking ser så vanskelig ut….. Jeg er stort sett selvlært og det er selve læreprosessen og utviklingen når du får det til som er drivkraften. Når du får det litt bedre til etter hvert, ørsmå skritt. Små overraskende gleder som dukker opp. Men det tar tid, lang tid. Dersom du har annet å gjøre på, strikking for eksempel, kan du eventuelt få kjøpe et av mine bilder istedenfor. Men det er noen restriksjoner på eventuelle kjøp; Dersom det ikke fremkommer spesifikt av bildets navn; spør aldri hvor motivet er hentet fra. Det kommer innenfra, motivert og landskap jeg har opplevd, noe jeg har sett eller opplevd i naturen. Når det gjelder surrealistiske, abstrakte bilder setter jeg gjerne ekstra stor pris på at du ikke spør hvor det kommer fra….. Et bilde oppleves forskjellig fra person til person. Du må selv finne den rette avstand til bildet som gir deg den beste opplevelse. Jeg driver med maling, ikke fotografering. Med mindre du er ekstremt nærsynt vil ikke en studie på 50 centimeters avstand være noe å anbefale.

Legg igjen en kommentar