
Åse-Gudrun 58 år. Reinhaldsassistent.
Mann min Ove – Børre kom farande heim frå arbeite i gåres. Pesten hev forverra seg ! kauka han. No må alle halde minst to meters avstand til kvarandre ! Eg vart heilt skrekkslagen !
Men han Ove-Børre e`no slik ein god mann ! No hev han bert sjølvaste godstolen min ned på vaskerommet i kjellaren, det e`da tryggaste rommet i heile huset seiar han. Og da e`no koseleg å sittja der å strikka og høyra på radio og. Han e`no so omsytsfull den mannen ! Når berre denne pesten hev forsvunden skal du få både kos og klem sa eg til han. Han berre stirra på meg og sa alvorleg; kjerring, eg e`nok redd for at dittande kan drøya lenge og vel. Gu kor go` han e`!
Hjørdis, 32 år. Heimesjukepleiar.
I førefjorsfjore julen vart eg med han Peder- Bjarne på jobbjolabordet hans. Men kjære vene, han Peder-Bjarne dansa no berre med nye ungjenta, jobbar på lageret, ho Britt-Karin. Dei dansa og dansa heile kvelden. «Da e`so viktig å taka seg av dei nytilsette arbeidarane» sa han Peder-Bjarne, tillitsvald so han e`. Eg e`so enig, han e`no so samvitsfull mann min. «Du treng ikkje vera med på jolabordet i år» sa han allereie i tidleg november i fjor, « da blir no so føre året, for det meste sosialarbete». «Eg e`heilt enig» svarde eg. Han Peder-Bjarne e`no so god og forståelsesfull !
I gåres rota eg meg endeleg til å vaska dressbuksane hans Peder-Bjarne, det var kome nokre flekkar på dei etter jolabordet. Då fann eg slik ein kondom i bukselomma hans. Og eg vart so glad ! Eg vart so glad ! Der slit han Peder-Bjarne seg gjøna heile jobbjolabordet og det einaste han tenker på og gler seg til e`fredagskosen våres. Han e`no so god og fin mann min ! Onde tungar i bygda sa at det hadde ikkje vore noko jolebord dittande året, men slik sladder høyrar no ikkje eg på !

