
Eg likar no best å sitta åleina på jolaften. Men eg e`no beden ned til eldste son min. Eg va der føre året også, men da vart eit helvetes leven. Fyrst satt vi og song åndelege jolesangar om Jæsus og slekt. Så vart det mataukt. Pindekjøt av lam. Eg hadde teke med meg eit bilete av eit lite lam, dettande viste eg til ongane. Eg tykjer det e` viktig at dei veit kor maten kjem frå, men da vart no ein helvetes grining på dei. Etter maten kom jolenissen, eg såg med ein gong at da va rævolet frå nabogarden so hadde kledd seg ut so nisse. So eg treiv av han nisselua og røskte han hardt i skjegget. Rævholet skreik, ongane skreik. I alle tumultane so oppstod tømde eg nissesekken på golvet. Eg visste det ! Da va berre gåver til ongane. «Eg finn meg ikkje i at det berre e` ongar so får gåver her i huset !» kauka eg høgt til son min. Da vart heilt stilt. So vart eg fulgd heimatt. Men eg e`no beden i år også, under visse forbehald so son mi sa.

B-94 37 x 46 cm flatt lerret. Månefanger. Kr. 1400.-