
Ein veit aldri ka vesen so kjem frå komunen i form av heimehelps-kvinnfolk. For ikkje lenge sida fekk eg ein ny på døra. Ho va ung og ivrig, men sers streng med dittande kostholddritet so dei unge e`so oppteken tå for tida. Da vart gulrot opp og gulrot i mente, sams dei underligaste former for dyrka ris frå austens land. For å bøta på denne etter mi meining uspiselege plantesmørja vart eg nødt for å gjera noko. Ein sein kveldsstund laga eg meg ein diger vassgraut-gryte ispedd smalafett og vossapylse. Eg gøymde ho under senga slik at ikkje heimehelpskvinnfolket skulle finna ho, tett attmed nattpotta sto ho og godgjorde seg. Eg meska meg med godsakane kveld etter kveld ! Jau, jau, heilt til ein natt eg måtte so inderleg late vattnet i mørket. Eg oppdaga ikkje ulykka før eg skulle meska meg med vassgraut kvelden etter, da va ein underleg smak. Men eg e`no ikkje so dum so eg ser ut so. Eg tok tå meg helsetrøya, la ho øve pissepotta og silte godsakane. Her skulle det ikkje verta noko matsvinn ! Attmed frukosten dagen etter spurde heimhelps-kvinnfolket om det gjekk betre med helsa no. Jau, svarde eg og blunka til helsetrøya so hang til tørk øve ein kjøkenstol, berre ein he dei rette hjelpemiddlane so vert da no rimeleg god helsekost.
