
Eg hev vore på lasaretten ! Raka vegen med fykebil. Jau, eg fekk so ilt i magjen at eldste son min ringde hundreogtretten. Der eg lå i bilen va eg no mest spend på om dei hadde tend blåljuset på taket tå bilen. Eg spurde raudekrossfyren so satt attmed meg. Han himla no berre med augo, skjøna ikkje noko, sikkert frå austeuropa tenkte eg. Eg e`no ein oppegåande kar so blåljus skulle eg no kunne klare å ordne sjølve. Som sagt so gjort. Eg trykte no på alle knappane eg fann ikring meg. «Har det klikket helt for deg ?» ropte raude -krossfyren. Eg stirde han rakt inn i augo, nei da e ikkje hove, eg trur da e`noko med magjen, stotra eg fram. Eg lat att augo og tenkte med meg sjølve, den karen der snakka no vel flytande norsk til å vera austeuropear.
Vel ankomen lasaretten kasta båe sjukepleiarar og lækjarar seg øve meg med alskens ledningar og instrument. Ein pleiar stakk meg i handa og pumpa ut blod. «Får eg saft og kjeks etterpå ?» spurde eg stilt. Eg lurte på om blodgjeving framleis va betalt, men haldt no kjeft om dittande. Ville vel visast på neste pangsjonsutbetaling.
So vart eg trilla opp på ein sovesal. Da va allerede ankomen to aldrende hedersmenn, eg årsaka meg for at eg kom so seint. Men dei låg no berre der, gadd knapt lee på hovudane. So da e`slik da skal vera ? tenkte eg. So kom sykepleiarane trillande på ein seng til. Eg kaller dei sykepleiarar, nokon kallar dei for sykesøstre, men eg ser ikkje likskapen på dei. Eg trudde fyrst da va ein tom seng, men so såg eg ein nasetipp, so såg eg eit skrukka gamalt anlet. «E`da sjuande far sjølve so kjem ?» kviskra eg stilt for ikkje å uroa den gamle skrotten. Pleiarane glodde berre olmt på meg og plasserte senga hans attmed min. Sjukepleiarane for på dør.
Da va heilt stilt på sovesalen, eg sjeik forsiktig øve sengegrinda mi og bort på sjuandefar der han låg so urørleg, nett so om han allereie va foren. Eg tykte jamvel eg såg nokre fluar surre øve nasetippen so stakk opp frå puta, men det kan ha vore svimlinga mi so spilte meg eit puss. Eg kvakk til, det kom nokre underlege pipelydar kompanjert av svake rumlingar. Hadde dei gløymt å fore han ?
I all mi elendigheit då fykebilen sto på døra heime hadde eg klart å triva med meg eit glas med surstrømning. Eg hadde høyrd at det ikkje sto so bra til med sjukehusmaten og ville vera på den sikre siden. Nok om det. Eg fann fram glaset, fiska opp nokre fiskebitar og stappa dei i kjeften på sjuandefar i huset. Då ska eg seie deg at da vart liv i den gamle skrotten ! Hosting og harking og spøtting i alle retningar. Eg dro i snoren, tilkallingssnoren altså, og sjukeplaiarane kom fykande. «Eg trur han hev vorte frisk att og klar for utskrivning no, berre sjå kor han livnar til ! » stotra eg fram i rein lykkerus øve den gamles oppstandelse frå dei frafalne. Pleiarane trilde ut sjuandefar og sløkte ljoset på sovesalen. Ikkje so mykje so eit godnatt vart ytra.