
Peder 34 år, Septiktanktømmar.
Eg trefte eit damemenneske på dansemoroa sist fredag.
Ikkje akkurat eit syn for auge, men ho ville no gjerne vera i lag med meg. Kameraten min lo høgt og sa at eg gjerne berre kunne ta nokon slurkar brennevin på fredagskveldane so vart ho straks både penare og meir seksi. Eg e`no ikkje so van med brennevin, so etter ein halv flaske såg eg to damer. Brennevinet hjalp ikkje på utsjånaden, so eg gjorde det no slutt med begge to på ein gong. Då sa bestekameraten min at eg burde sjekka kvinnfolk på bedehuset. So sagt so gjort, men eg ende opp med nok ei burugle. Men no hjelpe det ikvertfall med brennevin. Berre eg tek fram brennevinsflasko so forsvinn kvinnfolket so dugg for sola.
