
Det hadde vore noko røre og oppstandelse i bygda. «Guten på mellomgarden hev komen ut av skåpet» sa dei. Eg e` no gamal skulekamerat av bessfaren te guten so eg svingde no innom garden ein snartur for å sjå på dette mirakelet. Det hadde vore mykje snakk om dette skåpet, men det viste seg at guten berre likte andre gutar betre enn kvinnfolk. Hoderystande og noko forvirra for eg heimatt, at gutar likar gutar e`no berre kjekt, gode kameratar treng no alle mannfolk. Men all denne oppstandelsen om dette skåpet skjøna eg ikkje. Eg fekk ikkje sova den kvelden. Til slutt måtte eg stå opp for å kika inn i klesskåpet både på soverommet og på gjestekammerset. Eg vurderte jamvel og å gå ned på kjøkenet for å kika i matskåpet.
Men eg lot det bli med tanken, eg e`no ikkje dum hellar.
