
Snarligen vert da sumarfest ! Og nett he da vore jolabord !
Dei e`no so inni helsike dyktige desse so sitt i leiinga tå komunen ! Jau no talar eg om korleis dei tek vare på oss pangsjonistar her i grenda. Jamvel jolabord vert da halde kvart einaste år. Rett nok i slutten tå april. Siste tysdag i april frå klokko 08.00 te klokko 09.30. Ein kan jo undrast på datoen, men so dei seie i kommunen att da e`no so mykje billigare på denne tida tå året. Og da e`no nett so ordføraran so treffande sa da «sjå på da so årets fyrste jolabord, so kan alle dei andre tullingane vente te desember !»
Og sjå no berre på menyen; «Pinnefisk av ypperste kvalitet». So da sto i invitasjonen, « da slaktast ikkje lam i april, so istadanfor serverar vi den gildaste pinnefisk direkte frå Findus. Og vidare sto da; Og i år slår vi på stortromma, heile tre stykk pinnefisk per person !
Men grunna denne ekstrakostnaden oppmuntrast dei so ynskjer pote te maten å medbringa desse sjølve. Komuneøkonomien tillet hellar ikkje at det serverast dessert i år. Vi skulle gjerne ha servert kaffi etter måltidet, men vi tenkar på alle dykk so ikkje får sova etter kaffidrikking, vi tek hensyn til dittande og avlys kaffisekvensen. Og nett so nabokjerringa sa da, «avlys no berre heile kaffedrikkinga ! Dei e`no so hensynsfulle og omtenksame desse kommunekarane !»
Vi e`no vant te å taka oss ein dans etter jolamaten. Men so ny-ordføraren sa etter budsjettmøtet føre jol; «No ska da bli ein anna dans !» So vi e`no spente på neste års jolabord. Ka slags dans vert da då ?
