
Eg las nyleg i nyheitsbladet at dei skulle stenge av vasstilførsla for heile grenda i halvanna døgn. Skulle utbetre noko røyr sto da, og dei oppmoda folk om å fylla opp vatn i både kar og spann for heile perioda. Eg hev ikkje noko badekar å fylla opp, men eg greide no å trekkja inn det gamle grisemattrauet. Da fekk gjera nytta. Eg brukar no framleis utedassen, so da va ikkje noko problem. Stolar ikkje heilt på desse nymotens innevassdassane, mykje so kan gå galt der.
Då eg skulle koka meg ein kopp kaffi fekk eg auge på nokre ripssaftflaskar frå føre året. Blandast med syv delar vatn sto det på flaska, eg flirde for meg sjølve då eg helde dei i utslagsvasken. Ikkje noko vatn, ikje noko saftdrikkje. Eg e`ikkje dom heller. So for tankane igjøna hovudet og eg opna kjøkenskuffa. Vaffelrøre, skal kun tilsettast vatn. Heile røra for rett i komposten saman med nokre nypeteposar og ei pakke med pulverkaffi. Kokekaffi var eg tom for.
Eg åt vassgraut til middagskvelds denne kvelden. Med ein ekstra klunk vatten blanda i.
Og eg pussa tennane to gonger om kvelden føre vassavsteninga sidan eg ikkje kunne pussa dei på morgontoaletten. Spend på ka morgondagen skulle medbringa gjekk eg tidleg til sengs.
Eg vakna tidleg, heimehjelpskvinnfolket var allereie komen. Ho sto på kjøkenet og vaska opp. Eg berre sto der og måpte. Vattnet rann ut or vasskranen som ved eit guds under !
«Jammen er du heldig Strevalaus, som har egen brønn». «Dei slit vel nede i grenda no», sa ho og glodde ut or kjøkenvindauget.
Eg gjekk med tunge skritt mot utedassen.
