
Amalie Sofie, 28 år. Lærarstudent.
Eg trefte ein kar på fredagsdansen. Han va nok noko nervøs, preika berre i veg om bilar og motorar. Trur han va meir opptatt av Volvoen sin enn av meg. Men etter nokre slowdansar skjøna eg at da endra seg, no va han nok meir interessert i meg ja ! « Kan eg skyssa deg nokon stad ?» spurde han rett ut. Lett raud i toppen. Jau, midt på truten din idiot, tenkte eg. Men høgt sa eg «du skal ikkje kyssa meg nokon stadar, da e`ikkje sømeleg på fyrste deiten. Men du kan gjerne få kjøyre meg heimatt. Eg sat meg i baksetet, berre so han skulle skjøna at eg var eit sømeleg stykke kvinnfolk. Eg har no ikkje treft han att seinare, bur vel ikkje i nærleiken.
