
Dei gjer so mykje godt for dei gamle no om dagen. «Trim for dei eldre» hadde helsesystra fortald meg om. På samfunnshuset, ein gong i månaden, fortsatte ho. Eg e`no ikkje so gamal, men det kunne no vera morosamt å sjå på dei gamle tenkte eg og stilde opp. Sleke gymklær hadde eg ikkje, men ein gamal singlet og vinter-pysjbuksana fekk greie seg. «Er dokkar spente no ?» Gymlæraran va nok frå byen. «Først tar vi han helt ut og rister skikkelig løs». Eg vart litt tveksamd.
Alle dei andre gamle stod heil stille, nokon med hakeslepp. So kom helsesystra og fylgde meg ut i garderoben. Eg slapp innat igjen, det hadde berre vore slark i bukselinninga fortalde ho dei andre.
«No går dokkar saman to og to og så skal vi ha nokke som hetar rævkrok». Eg vart til overs, men heldigvis skjønte eg konseptet. Dette skal eg nok klare på eiga hand, tenkte eg. Og som ein Don Qisjote låg eg der på golvet og kjempa med meg sjølve. Eg kjempa so hardt at eg ikkje ein gong merka at pysjbuksa sprakk bakantil. Fru Enoksen som låg attmed meg pirka borti meg samstundes so ho hald seg for nasen. «Blør dykk naseblod ?«» spurde eg der eg låg med ræven i været.
«Og no, heilt til slutt kan de sprekeste få prøve å stå på hendene». Eg var no litt uviss på ka ho meinte, men gamle fru Enoksen låg jo framleis på golvet etter rævkroken. Ho låg so stilt der på golvet med hendane rakt ut. Ho ynka seg nok litt mens eg sto på hendane hennar. So vart eg fylgd heimat igjen. «Eg e`glad eg ikkje sa stå på hovve» høyrde eg gymlæraren kviskra bak meg.
