
Da va ein fin morges i morges, sola skein og fuglane kvitra fornøgde. Men so starta lurvelevenet hjå naboen. «Da e`no jevlig so nabohonden barkar i dag», sa eg noko irritert. «Barker den ?» spurde heimehjelpsfyren so va komen i hus. «Er det han som har felt trærne også da ?» fortsatte fyren på sitt eige irriterande vis. Di nasevise moroklump, tenkte eg for meg sjølve. Eg stolde ikkje på dette bymenneske, og eg fekk rett.
«Det blir bare en liten kattevask hos deg i dag, må holde timene mine vet du» kvitra han. «Kattevask !» nærast ropte eg mens eg stirra han rakt inn i augo. «Eg hev ikkje katt !» Deretter kasta eg heile faenskapet av ein heimehjelpslurendreiere på døra.
Det vart nokre dagar utan heimehjelp. Dykk er suspandert frå tenesta inntil vidare, stod det i brevet so kom i postkassen. Suspensjonen skuldast uhøveleg framferd.
Det vart smått med både stell og middagsmat dei næraste dagane. «Du får prøve med slik ein Fjordland» sa nabokjerringa. Jau, jau.
Eg fann fram telefonbokji og slo opp på Fjordland. Eg ringde for å bestilla meg middagsmat. Ho va danske ho so tok imot bestillinga. «Båten går klokka fjorten nullnull på torsdag» brekte ho på utenlandsk aksant. «Eg skjit no vel i kortid båten går, berre send meg middagsmaten» tordna eg, svolten so eg var etter fleire dager utan ernæring og pote.
Dyrt va da, eg fekk ein rekning på kroner tolvhundre. Og maten såg eg aldri noko til.
