
Eg hev vore på pangsjonisttur !
«Du kan ikkje berre sitte heime og sture» sa nye heimehjelpen for nokre veker sia. «No har eg meld deg på ein ullpleddtur med Thermobussen» sa ho plutseleg nokre dagar seinare. Eg glodde olmt på ho i førstninga, men so tok eg til å tenkja. Kanskje det ikkje hadde vore so ille å koma seg litt rundt i verda. Jau eg ville beint fram ta meg ein tur ut i verda !
Eg for rundt i heile huset, frå kjellar til loft. Men eg fann ikkje eit jævla ullpledd å taka med meg. Til slutt skrudde eg laus panel -omnen i stua. Ho gjev no litt varme ho og, tenkte eg. So va dagen opprinden. Eg sto der nede på busshaldeplassen med sekk på ryggjen og panelomnen under armen.
Eg visste ikkje heilt ka ein termobuss var, men for sikkerheiltskuld hadde eg teke med meg både termometer og termos. «Kor ska eg koble ho te ?» spurde eg bussmannen, medan eg haldt panelomnen opp i anletet på han. Eg ville jo korkje virka dom hell frysa medan dei andre pangsjånistane satt inntulla i ullpleddane deira. «Dette er ein Thermobusss ikkje ein Omnibuss» lo bussmannen medan han klaska seg på lårane og lo høgare og høgare.
Eg tok eit fast grep om termometeret eg hadde i lomma medan eg fann meg eit ledig sete attmed eit bykvinnfolk so hadde attgløymt ullpleddet sitt. Berre for å visa at eg va noko til kar gjøymde eg støypslet til panelomnen i bukselomma medan eg skrudde omnen på tretallet. «Vi to skal ikkje frysa,» blunka eg og henvende meg til bykvinnfolket. Ho stirra på omnen og stirra meg deretter inn i augo.
«Har du Alzenheimer ?» spurde ho forsiktig. Eg grov nedst i bukselomma. Eg va ikkje heilt kjend med ka Alzenheimer va for noko. «Eg brukar å ha nokre slike urtedrops i lomma» stotra eg fram. Ho gjorde meg nervøs, bykvinnfolket. Kunne ho vera sjuk slik so ho spurde etter medisin ? Her gjaldt det å tenka kjapt. Eg kjende plutseleg termometeret so eg haldt hardt ikring i lomma.
«Vil du ha ho i kjeften hell bakandetil ?» stotra eg fram. Svetta pipla frå panna mi no. “Eg må på toaletten” sa ho spakt. Ho kom aldri attende. Eg skrudde panelomnen ned på ein.
Men turen vart no vellykka ! Det viste seg nemleg at dei selde slike ullpledd på destinasjonsstaden. Dei var nok van med at gamle folk gløymde att både pillar og pledd heime.
Det vart ein heilt anna stemning på bussen heimatt !
