Legevisitt

Jau, jau.  Det vart eit vellykka besøk hjå doktormannen.   Han sjeik meg både inn i augane og i øyrane, her var da tett sa han om sistnevnde.   «Jau, eg e`no tett både her og der» sa eg.  

«Vi får nok ta ein prostataundersøkelse også når du først er her» fortsatte doktormannen.   Etter doktorens formaning sleppte eg både storebrokjen og vetlebrokjen i golvet, bøygde meg framover medan eg tenkte at prostata nok var eit finare latinsk orde for forstoppelse.   Eg hadde slitt so jevligt med da i vekesvis.  Å du hendelse !  Doktormannen kunne sine saker, da va so om vassgrauten sto i femte veggen !

Da vart ein stund å venta før doktormannen kom attende til doktorkontoret. Og han spankulerte so stolt i ny og ren legefrakk !

«Er det noe mer du vil snakke om eller som plager deg ?»  spurde doktormannen.   «Jau, eg søv no så dårleg om nettene» fortalde eg.   So fekk eg meg ein eskje med søvetabletter, om enn doktormannen var noko motvillig til dettande, da kan verta vanedannane fortalde han.   Jau, beint fram såg han meg inn i augo og sa «nå må ikke disse sovetabelettene bli en sovepute for deg, du må endre kveldsvanene dine, ingen kveldskaffe ! formana han.

Eg vart noko nervøs av denne augestirringa, men våga meg frampå, «eg søv so dårleg fordi eg snorkar so felt at eg vekkar meg sjølve heile tida» nærast stotra eg fram.   Eg stirra doktormannen inn i naseborane berre for å unngå å sjå han inn i augo atter eingong. 

Det var fasinerande, som to små hular so opna og lukka seg medan små vesener av hår gjekk att og fram i hulane.   «Kjartan, Kjartan» høyrde eg som langtbortefrå.   Eg kvakk til då han spurde meg om eg hadde prøvd å gjera noko med snorkinga.   Noko forfjamsa svarde eg « jau, eg hev prøvd å gå å leggja meg i soverommet attmed mitt eiga, slik at eg ikkje blir so størd av snorkinga».

Eg hev også prøvd å stappe persilleduskar i øyro.   Men titt og ofte draumar eg at eg sit på ein fin restaurant og et.  So da e` no fånyttast da og.  Eg vaknar og persilleduskane e` borte vekk og eg har ein rar smak i kjeften

«Har du fått sjekket mandlene dine ?»   Han va nysgjerrig på hushaldet mitt denne doktormannen, tenkte eg.   «Dei heiv eg på dynga saman med restane av både dadlande og fikane rett etter jol» svarde eg, medan eg prøvde å følgja med på dei små hårvesene, dei nærast sprang att og fram no.

«Tar du deg en liten dram før du går og legger deg ?»   «Jau, det hende nokre gonger» svarde eg, vi hadde augekontakt att no, eg og doktormannen.   «Jeg skjønner ikke helt dette helt» fortsatte han, «muligens det kan skyldes alkoholen.»   Eg reiste meg og sa, «men då kan eg gjerne kome attende ein dag doktoren ikkje har drukkje.»   Eg gjekk mot døyra.

Eg kunne ikkje dy meg den kvelden, eg treiv hoveputen på golvet og la eskjen med sovetabeletter under hovudet.   Og doktormannen hadde nok rett tenkte eg etter nokre timar, ikkje nokon kan få seg til å søve slek !   Ein ska høyre på doktoren.   La ikkje sovetablettane bli ein sovepute, han hadde nok heilt rett doktormannen.

Før eg falt i svevn den natten sende eg ein liten tankje til doktormannen so titt og ofte tok seg ein liten dram på jobb.  Eg var trøyt no, so vart det so eg kom nærare og nærare doktormannen og forsvand inn i eine naseboren hans.   Eg og dei små hårvesena.

B-54 40 x 40 cm flatt lerret. Måneblomst. Kr. 950.-
galleriellingsen sin avatar

Av galleriellingsen

Som innehaver av denne bildebloggen ønsker jeg å vise frem noen av mine bilder. På oppfordring. Stort sett har jeg alltid malt for min egen del, det er en fantastisk rekreasjon. Og det er selvsagt gøy, ellers hadde jeg nok gjerne strikket istedenfor. Men strikking ser så vanskelig ut….. Jeg er stort sett selvlært og det er selve læreprosessen og utviklingen når du får det til som er drivkraften. Når du får det litt bedre til etter hvert, ørsmå skritt. Små overraskende gleder som dukker opp. Men det tar tid, lang tid. Dersom du har annet å gjøre på, strikking for eksempel, kan du eventuelt få kjøpe et av mine bilder istedenfor. Men det er noen restriksjoner på eventuelle kjøp; Dersom det ikke fremkommer spesifikt av bildets navn; spør aldri hvor motivet er hentet fra. Det kommer innenfra, motivert og landskap jeg har opplevd, noe jeg har sett eller opplevd i naturen. Når det gjelder surrealistiske, abstrakte bilder setter jeg gjerne ekstra stor pris på at du ikke spør hvor det kommer fra….. Et bilde oppleves forskjellig fra person til person. Du må selv finne den rette avstand til bildet som gir deg den beste opplevelse. Jeg driver med maling, ikke fotografering. Med mindre du er ekstremt nærsynt vil ikke en studie på 50 centimeters avstand være noe å anbefale.

Legg igjen en kommentar