



Eg fekk ein telefon frå komunen i gåres ettermiddag og ikkje lenge etter sto same bykvinnfolket på trammen. Da va nok fånyttast å krangla med komunen om heimehjelpinga.
Jau, gårsdagen gjekk og det vart tidleg kvelding. Eg e`no kveldstrøyt etter eit langt liv med tidleg fjøsstell. Eg visste ikkje heilt ka det va for eit heimehjelpskvinnfolk eg hadde fått i hus, men allereie klokko tjue kauka ho «no skal vi få deg til sengs». Eg stivna til «Vi ?» Kunne det vera fleire bykjerringar utfor døra ? Skulle ein gamal gardbrukarpangsjonist hivast i køyen og verta valdteken av ein berme med byfruentimmarar ? Eg hadde lase om slikt i nyheitsbladet. Også menn kan valdtekast stod det i overskrifta.
Eg vakla meg inn på sovekammerset, no måtte det tenkast kjapt ! Her skulle ikkje ein gamal hedersmann frå bygda vanskjemast. Eg treiv av meg buksane frå ytterst til innerst, snudde dei bakfram og treiv dei på att. Jau eg baska meg nærast sliten medan eg strevde med å få på meg buksane att og fram, her skulle ikkje noko byfruentimmar sleppa til !
Skulle eg leggja meg på magen hell på ryggjen ? Eg valde magen, medan eg i eit panikkslagent augneblikk merka meg at buksesmekken hadde hengd seg opp i nokre rævhår. Eg kunne ikkje lukka ho heilt, situasjonen va fortvila. Eg kunne ikkje gjere meir med buksane, men framstellet va no sikra tenkte eg.
Det knirka i soveromsdøyra. Da va for seint, heilt stilt låg eg der, som om eg allereie hadde falt i djup svevn. Eg høyrde at det kom folk inn på sovekammerset. Eg merka den varme kvitlauksduftane pusten frå heimehjelpskvinna inn i øyret mitt «no må du helse på han Ola – Jon, kollegaen min, han skal passe på deg neste uke mens jeg har fri». Augo va no vidåpne, eg stirde ned i hoveputa. Ei mannleg heimehjelpekjerring ? Fantes det noko slikt ? Og her låg eg å baud meg fram, nett so eit kommunalt sykkelstativ !