



Eg har fått meg ny heimehjelp frå kommunen. Ho stod på trammen tidleg ein morgon. Anten var ho sers ivrig i å kome igong med heimehjelpinga eller so va ho sers nervøs, skravla begynte å gå med ein gong. Ho skulle hjelpa meg med matlaging, vasking og anna forefallande arbete fortalde ho meg.
«Og om eg har tid kan eg gjerne stoppe ullsokkane dine» sa ho. «Stoppe ullsokkane mine ?»
Eg hadde vorte begynt å verta irritert av skravlekjeften no.
«Stoppe ullsokkane mine ? Eg trur ikkje dei skal nokon stad, dei hev ikkje rømt heimefrå på førti år.» Ho unnskylda seg raskt, «eg tenkte berre at ein kar som Dykk gjerne hadde nokre gamle slitne ullsokkar liggande».
«Slitne ullsokkar ? Dei ligg no for det meste å kvilar seg i komodeskuffa, so slitne trur eg ikkje dei e` og eg låsar kommodeskuffa mi» halt eg fram. «Låser Dykk komodeskuffa dykkar ?» spurde ho, noko forfjamsa no. «Jau eg vil ikkje at nokon skal sjå under tøyet mitt i komodeskuffa».
Eg visste med eingong at eg hadde forsnakka meg, no vart det eg so vart nervøs. Ingen visste om aksjeobligasjonane mine i komodeskuffa. «Er undertøyet også slitent ?» spurde ho forsiktig, «du vil ikkje at nokon skal sjå det ?» Eg hadde begynt å verta mistenksom no, var dette heimehjelpskvinnfolket verkeleg send frå kommunen ? Eller var det ein røverbande so var ute etter obligsjonane og matkupongane eg hadde gøymt sidan krigen ?
Eg smald døyra i anletet hennar og slo for låsningsslåa. Eg hev overlevd to verdskrigar, eller ikvertfall ein, ikkje noko røverpakk skulle frå rana meg !